Klimaparken – eit utandørs opplevingsområde

Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. På turen gjennom klimaparken tek ein guide med gruppa inn i eit spennande landskap av opplevingar og læring. Turen er ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima.Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen, er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar.

I Juvfonne, ved enden av gangvegen, går det ein tunnel 60 meter inn i den 6000 år gamle isen. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt.

Foto: Klimapark 2469/ Anne Silje Berg