Kombiner turen i klimaparken med ein tur til Galdhøpiggen!

Har du tenkt deg til toppen av Noreg i sommar? Ta turen til Galdhøpiggen ein dag og besøk klimaparken den neste!

Frå Juvasshytta er det i sommarsesongen dagleg guiding til Galdhøpiggen. Frå Juvasshytta går turen over Styggebreen og vidare til topps, 2460 meter over havet.

Juvasshytta arrangerer daglege guida turar frå 1. juni klokka 10 og klokka 11.30. Møt opp på Juvasshytta i god tid, seinast ein halv time før turstart. Sørg for sko, klede og utstyr for tur i høgfjellet. Til Galdhøpiggen frå Juvasshytta tek turen 6-7 timar. Lengda på turen er omlag 15 kilometer.

Fram til kanten av Styggebreen tek turen i underkant av ein time. Så er det tid for ei pause før breførarane bind deg inn i sele og tau og taulaget gjer seg klar for kryssinga av breen. Toppen av Galdhøpiggen ser du allereie frå her dersom sikta er god. Turen over breen tek omlag ein time, før siste del av turen går opp «piggura» der du går oppover mot toppen av Galdhøpiggen.

Det er ikkje trygt å gå over Styggebreen utan sikringsutstyr og på eige hand utan kunnskap om utstyr og ferdsel på bre. Styggebreen kan sjå grei ut, men som med snøbrear ellers ligg sprekkane skjult under snøen.

Endeleg på toppen får du utsikta frå det høgaste fjellet i Noreg, og i godvêr kan vi forsikre om at denne utsikta er særs god!

Les meir om turen til Galdhøpiggen frå Juvasshytta her.