I 2008 fekk Lom status som nasjonalparklandsby av daverande Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Prosjektet var eit nasjonalt pilotprosjekt under programmet «Naturen som verdiskaper» , der Lom er ein av fem tettstader som fekk statusen. Det nasjonale nettverket for nasjonalparklandsbyar består av Lom, Geilo, Jondal, Vingelen og Storslett nasjonalparklandsbyar. Lom har eit unikt utgangspunkt for å vere ein nasjonalparklandsby. Fossbergom er ein naturleg innfallsport til heile tre nasjonalparklar, kommunen har lange tradisjonar for å ta imot tilreisande og det finst eit variert tilbod innan overnatting, aktivitetar og mat.

Kva har skjedd så langt?

Prosjektet starta opp med eit forprosjekt, og var inne i ei prosjektfase i 2010-2014. Etter 2014 er ein inne i ei driftfase.
Dette er noko av det som har vorte gjennomført så langt:

Tilretteleggingstiltak:

  • Friområde m/ benker og bord og turstig ved Utleggsbrua
  • Tilrettelegging for fiske i Skim, i samarbeid med Skim grunneigarlag
  • Oppsett av leikehuset «Labyrinten» ved Kyrkjevollen
  • Tilrettelagte og merka turstiger lett tilgjengeleg frå Lom sentrum til lokalbefolkning og tilreisande
  • Tilrettelegging for badeplass ved Utleggbrua
  • Tilsett landsbyvakt kvart år frå mai-september for å halde vedlike stignettet, blomar i sentrum m.m.

Informasjonstiltak: 

  • Utgitt Nasjonalparkmagasin i samarbeid med Fjuken
  • Bokpakke om nasjonalparkane og roll-ups til omkring 20 bedrifter i samarbeid med Lom folkebibliotek
  • Opptrykk og distribusjon av kartet «fotturar i Lom» kvart år, til gratis distribusjon på norsk, engelsk og tysk
  • Tre store og fem små informasjonstavler rundt om i sentrum knytt til Bergomsrunda og turstignettet (Norsk Fjellmuseum, Vassvaglen og Lomseggen AS).
  • «Kom til Lom» t-skjorter til tilsette i kommunen og i servicenæringa
  • Digitalisering av fotturrutar

Implementering av den nye merkevara «Norges nasjonalparker»:

I 2016-2017 skal heile nasjonalparklandsbyen få ny identitiet som ein del av den nye merkevarestrategien til Miljødirektoratet.
Dette inneber m.a.:

– Utbytting og revidering av åtte infomasjonstavlar i sentrum
– Tre ny vegskilt i innfallsårene til sentrum
– Reviderte fotturkart
– Nytt skilt på kommunehuset
– Ny video og ny bilder frå nasjonalparklandsbyen i tråd med ny profil

Den nye merkevarestrategien kan du sjå her: http://designmanual.norgesnasjonalparker.no/

Meir om nasjonalparklandsbyen kan lesa her på Lom kommune sine heimesider.

Foto: Kari Sveen