Forsking

I omlag 200 år har studentar og forskarar kome til Jotunheimen. På Juvflye har det alltid vore stor aktivitet. Her finn vi isbrear, permafrost, spesiell flora og spennande geologi. Dei siste åra har det også smelta fram spor frå fortida her. Klimapark 2469 samarbeider med forskarar og formidlar resultata til våre besøkande. Saman med Meteorologisk institutt, Bjerknes senter for klimaforskning, Universitetet i Oslo, Norges vassdrags- og energidirektorat og Høgskolen i Gjøvik arbeider vi for å etablere eit nasjonalt overvåkningsprogram for klimaendringer i Galdhøpiggområdet og for at Klimapark 2469 blir overvåkningsprogrammet sitt vindauge ut mot publikum.

Overvåkings- og forkingsaktiviteten på Juvflye og i Galdhøpiggområdet er i dag omfattande – og større enn nokon gong:

  • Meteorologisk målestasjon for værvarsling og klimaforsking på Juvvasshøe.
  • Permafrostmålinger i området mellom Raubergstulen og Juvasshytta.
  • Arkeologiske registreringer av funn som smeltar ut av isen ved Juvfonna.
  • Vegetasjonsstudier.
  • Kvartærgeologi, berggrunnsgeologi og landformer er skildra i fleire forskningsarbeid.
  • Kjerneprøver frå innsjøsediment i Juvvatnet og Raudbergstultjønne.
  • Bremålinger.
  • Hydrologiske målinger.
 

Kunnskapsdråper

Ta ein tur innom Kunnskapsdråpene våre, der forskarar og fagfolk tek oss med inn i historie, vêr og klima.
Trykk her for å få påfyll av Kunnskapsdråper!