Sommarjobb ved Norsk fjellsenter i Lom og Klimapark 2469 på Juvflye

Klimapark 2469 ligg på Juvflye ved Galdhøpiggen. Her formidlar vi fjell og klima til besøkande kvar dag heile sommaren. For sommaren 2017 søkjer vi medarbeidarar både på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469.

Stillingar

  • Medarbeidar/ guide på besøkssenter/ fjellmuseum/ butikk
  • Guide i Klimapark 2469
  • Det er aktuelt å arbeide båe plassane

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø, nå i nye lokale
  • Opplæring i forkant av sesongen

Ønskte kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar (norsk, engelsk, eventuelt tysk)
  • Over 18 år
  • Serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide
  • Ønskjeleg med natur- og friluftsbakgrunn
  • Ønskjeleg med førarkort klasse B
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt, men er ikkje eit krav

For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Mai Bakken på telefon 61 21 16 00 eller e-post mai@norskfjellsenter.no.

Søknad med CV blir å sende innan 1. april 2017 til Norsk Fjellmuseum, postboks 5, 2688 Lom, eller på epost til mai@norskfjellsenter.no.