Visjon og misjon

Klimapark 2469 skal vera ein open port til ei frosen fortid og ny innsikt.

Klimaparken skal gjennom tilbod utvikling i samarbeid med fagleg kompetente aktørar formidle deltakande opplevingar av og innsikt i pågåande klimaprosessar og samspelet med natur og menneske i eit langtidsperspektiv. Formidling og opplevingane skal skape interesse og forståing for tematikk, samt bidra til verdiskaping og innovasjon. Hovedarena skal vera klimaparken på Juvflye innunder Galdhøpiggen og Norsk fjellsenter.