Bli med inn i isen
7000 år attende i tid

Guida tur i Klimapark 2469
Bli med inn i ein handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. På vegen lærer du om forhistorisk jakt, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Turen tek cirka 2 timar.
Turen over permafrosten
På den nær 1 kilometer lange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten lærer du om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet. Det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur.
Istunnelen i Juvfonne
Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd, og skulpturane er utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi.
I istunnelen finn du blant anna ein diger diamant, ei fasinerande klode, eit klimaarkiv, Midgardsormen og ein liten kinosal. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg.

Tider og prisar
Tider
Vi har guida turar i tidsrommet 21. juni - 14. september 2025. Sjå kalender for tider og språk.
Prisar
Vaksen: kr 395,- per person.
Barn 4–18 år: kr 215,- per person.
Familierabatt: kupongkoda "FAMILIE25" gir 25% rabatt på billettar som gjeld 1-2 vaksne med opptil 3 barn mellom 4 og 18 år.
Grupper: inntil 20 personar: kr 4500,- inkludert guide. Ta kontakt med oss for gruppebestilling.
Gratis for barn under 4 år.
Kjøp av billett i Klimapark 2469 gjev 30% rabatt på inngangsbilletten hos Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Billettane treng ikkje nyttast same dag.

Vêr og klede
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli.
Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt.
Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Det er kring -3 grader i istunnelen. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko

Lokasjon
Klimapark 2469 er ei utandørs oppleving i høgfjellet cirka 1850 meter over havet. Den guida turen startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta.
Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det om lag 45 minutt med bil. Merk deg at det er bomavgift på vegen til Juvasshytta.
Istunnelen er berre tilgjengeleg med guide.

Reise
Vegen opp til Klimapark 2469 er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 meter over havet.
Vegen er ilagt bomavgift som du kan betale i automaten på parkeringa ved Juvasshytta. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt.
Om du vil ta bussen, kan du finne informasjon om tider og prisar på www.entur.no. Du må rekne med noko venting.
Lær meir på Norsk fjellsenter
Kva med å kombinere besøket i Klimapark 2469 med ein tur til Norsk fjellsenter?
Her kan du sjå den største utstillinga av brearkeologiske funn i Norge, få turtips, lere meir om nasjonalparkane i området, dyr og natur. Du kan finne meir informasjon på www.norskfjellsenter.no.
Kjøp av billett i Klimapark 2469 gjev 30% rabatt på inngangsbilletten hos Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Billettane treng ikkje nyttast same dag.

Verdskjende funn
Visste du at meir enn 2000 arkeologiske funn har smelta ut av isen i fjella i Innlandet dei siste åra? Blant dei er Noreg sitt eldste klesplagg, Noreg si eldste sko, eldste boge og fleire funn frå vikingtida. Funna fortel om tusen år gamal jakt, fangst og ferdsel. Sjå dei berømte funna i Klimapark 2469 og på Norsk fjellsenter, og lær meir på secretsoftheice.no.
Iskunst i verdsklasse
I istunnelen finn du både ein diger diamant, ei underleg klode, eit klima-arkiv og ein kinosal. Tunnelen er utforma og lyssett av skulptør og iskunstnar Peder Istad frå Molde. I 2019 opna dei tre nye romma, Diamanten, Kloden og Klima-arkivet. Resten av istunnelen er utforma med utganspunkt i Norrøn mytologi. Hit kjem du for å ause av Odin si kjelde til kunnskap, du vandrar under greinene til treet Yggdrasil og kan ake deg på ei sklie gjennom kroppen til sjølvaste Midgardsormen.