Artiklar
Community estimate of global glacier mass changes from 2000 to 2023
Kilde: The GlaMBIE Team. Community estimate of global glacier mass changes from 2000 to 2023. Nature 639, 382–388 (2025). https://doi.org/10.1038/s41586-024-08545-z
Oppsummering av artikkelen:
Skrive av: Live Heldal Hagen
Ein ny, omfattande studie har sett på korleis isbrear over heile verda har endra seg frå 2000 til 2023. Resultata viser at isbrear smeltar i alle regionar, men at det er store geografiske forskjellar. I Sentral-Europa har isbreane minka med nesten 40% sidan 2000. I Skandinavia har isbreane mista 14% av alt volum. Dei siste fire åra (2019-2023) har den årlege smeltinga vore rekordhøg.
Sjølv om vi klarar å redusere dagens klimagassutslepp betydeleg, vil smelting av isbrear fortsetje dei neste tiåra fordi brear har ein forseinka klimarespons. Frå og med andre halvdel av dette århundre vil smeltinga derimot i stor grad vere avhengig av kor mykje vi klarar å kutte i klimagassutslepp nå.
Studien, som er publisert i Nature, er eit resultat av koordinert samarbeid mellom 35 forskarteam, og er den mest omfattande av sitt slag. Breforskar Liss Marie Andreassen frå NVE er medforfattar i artikkelen, og også ein del av forskarnettverket i Fjellviten.