Viser istunnelen og gangbana til Klimapark 2469.

Klimaparken er ei utandørs oppleving i høgfjellet 1800 meter over havet. I istunnelen er temperaturen omtrent som i eit kjøleskåp. Ta med gode sko, lue og vottar så du får ein behageleg tur. Vanligvis er folk kring 20 minuttar inne i sjølve istunnelen.

Guiden møter deg og resten av gruppa ved innkøyringa til parkeringsplassen utanfor Juvasshytta ved Galdhøpiggen. Du er velkome inn i resepsjonsområdet på Juvasshytta, men på grunn av smittevern, er det berre overnattingsgjestar som har tilgang til peisestua og innandørs toalett. Gjester til Klimapark 2469 kan bruke toaletta ute mot betaling.

På den nær kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten, fortel naturvegleiaren om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet.

Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd og utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi. Tunnelen har fleire ganger og rom, trapp og ein eigen liten kinosal. Replika av eldgamle brearkeologiske funn er frose inn i ismontre i veggane. Midt i tunnelen finn du treet Yggdrasil som strekk greinane sine utover. Ungar kan ta seg ein rutsjetur på sklia inn til Midgardsormen, om dei tør. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlandsnoreg. Etter istunnelen kan de ta ein tur og sjå på Kjelbrean. Er du heldig, får du sjå breen kalve i Juvvatnet.

Guiden tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med guide.

Sko og klede

Ta med fjellsko/ varme sko, vindtette klede, lue og vottar på turen i klimaparken

– temperatur, vær og vind skiftar raskt her oppe. Inne i istunnelen er det kring 2 minusgradar.

Hundar må vente ute
Det er ikkje lov å ha hundar med inn i istunnelen. Er de fleire i gruppa, kan de byte på å vente utanfor med hunden, men det beste er å la hunden bli heime.

Ta bussen til Klimapark 2469
Du kan ta bussen frå Lom rutebilstasjon til Juvasshytta, men må rekne med noko venting. Tider og billettar finn du her.

Bestill billett til guida tur

Kjøp eit gåvekort