Brearkeologi
Brearkeologi i Klimapark 2469
Juvfonne, der Klimapark 2469 ligg, er ein av kring 70 funnlokalitetar for brearkeologi i Innlandet fylke. Sidan 2006 har eit brearkeologisk sikringsprogram sørga for å samle inn, konservere, forske på og formidle på denne unike kulturarven.
Sidan dei fyrste funna vart oppdaga i 2007, har over 700 gjenstandar smelta ut av denne fonna så langt. Funna fortel om fangstliv i fjellet gjennom fleire tusen år. I tillegg kan ein finne kring 50 bogestillingar i landskapet rundt fonna. Dette var oppmura steinformasjonar brukt av jegarane under reinsjakt på fonna.
Gjenstandane kan gje oss verdifull innsikt og ny kunnskap om korleis verda såg ut før, og har forandra seg gjennom tusenvis av år.
Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 samarbeider tett med Kulturhistorisk museum i Oslo og Innlandet fylkeskommune om bevaring og formidling av dei brearkeologiske funna. Fleire av dei kan du sjå i utstillinga "Frose i tid" på Norsk fjellsenter.
Artikler
Finstad, E. et al. (2016) Prehistoric and Medieval Skis from Glaciers and Ice Patches in Norway, Journal of Glacial Archaeology, s. 43-58. doi: https://doi.org/10.1558/jga.33147
Pilø, L. et al. (2017) The chronology of reindeer hunting on Norway's highest ice patches, Royal Society Open Science, s. 1-10. doi: http://dx.doi.org/10.1098/rsos.171738
Pilø, L. et al. (2021) Interpreting archaeological site-formation processes at a mountain ice patch: A case study from Langfonne, Norway, The Holocene, 31(3), s. 469-482. doi: 10.1177/0959683620972775
Pilø, L. et al. (2021) On a Mountain High: Finding and Documenting Glacial Archaeological Sites During the Anthropocene, Journal of Field Archaeology, s. 149-163. doi: https://doi.org/10.1080/00934690.2021.2012330
Pilø, L., Finstad, E. og Barrett, J. H. (2020) Crossing the ice: an Iron Age to medieval mountain pass at Lendbreen, Norway, Antiquity, 94(374), s. 437-454. doi: https://doi.org/10.15184/aqy.2020.2