Bli med inn i isen

7000 år attende i tid

Kjøp billett

Kloden i istunnelen i Klimapark 2469.

Inn i isen

Ved foten av Galdhøpiggen ligg ein 375 kvadratmeter handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. Kvar dag frå midten av juni til langt ut i september, kan du bli med inn i isen. På vegen fram til tunnelen lærar du om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Turane startar ved Juvasshytta, omlag 45 minutt i bil frå Lom sentrum.

Kjøp billett

IMG_0376

Opningstider

Vi har dagleg guiding desse tidene:
20. juni – 23. august: Klokka 10.30 og 14.00.
I høgsesong har vi også turar klokka 12.00. (18.juli – 9.august)

28. august – 13. september berre helg: Laurdagar og sundagar klokka 10.30 og 14.00

Ta bussen til Klimapark 2469:
Lom – Juvasshytta: 08.00–8.55
Juvasshytta – Lom: 15.45–16.50
Billettar: https://en-tur.no/

Kjøp billett

Galdhøpiggen EB

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen laurdag og istunnelen sundag? Kombiner turen i Klimapark 2469 med ein dagstur til Nordens høgaste fjell. Frå Juvasshytta går det guida turar til Galdhøpiggen kvar dag heile sommaren. På finvêrsdagar kan du sjå langt og lenger enn langt frå toppen.

Kjøp billett til Klimapark 2469

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-1

Norsk fjellsenter

Nominert til "Årets museum 2019"! Opplev den splitter nye utstillinga Bergtatt på Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Her kan du sjå unike fonnefunn, møte mammutar og vikingfunn, og leike deg med å forme landskap i sand og vatn eller få ein kalddusj i vêr-rommet. Du får 50% rabatt på inngangsbilletten på Norsk fjellsenter dersom du har kjøpt billett i Klimapark 2469!

KOPIHestekranie av en hingst fra Lendbreen i Breheimen. Trolig omlag 1000 +Ñr gammel. Med arkeolog Elling Utvik Wammer. -® Oppland fylkeskommune, Det brearkeologiske sikringsprogram

brearkeologi

Visste du at meir enn 2000 arkeologiske funn har smelta ut av isen i fjella i Oppland dei siste åra? Over halvparten av dei brearkeologiske funna i verda, blir gjort i området her. Følg brearkeologane på secretsoftheice.no.

Sommarjobb i Klimapark 2469?

Vi treng nye guidar til sommarsesongen 2020. Er du den rette til å gi besøkande ein god og lærerik tur til Klimapark 2469? Er du glad i naturen, fjellet, dei hardhause dyra og plantane som lev der og nysgjerrig på korleis klimaet endrar alt? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap vidare både i resepsjonen og utstillinga på Norsk fjellsenter og som naturrettleiar i Klimapark 2469 og istunnelen. Søk her!

#klimapark2469

FØLG OSS PÅ