Finn vegen til Klimapark 2469
Klimapark 2469 er ei utandørs oppleving i høgfjellet i Lom, cirka 1850 meter over havet. Den guida turen startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta. Istunnelen er berre tilgjengeleg med guide.
Vegen opp til Klimapark 2469 er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 meter over havet. Vegen er ilagt bomavgift. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt.
Bil
Følg skiltinga til Juvasshytta frå fylkesveg 55 Sognefjellsvegen, 19 km vest for Lom sentrum. Asfaltert bomveg. Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil.
Du kan ikkje køyre opp med påhengd campingsvogn, men campervan er greitt. Meir viktig informasjon om vegen finn du på nettsida til Juvasshytta.
God tur langs den høgaste bilvegen i Noreg!
Buss
Det går buss frå Lom sentrum til Juvasshytta i ei avgrensa periode om sommaren. Sjå www.entur.no for informasjon om tider og prisar. Du må rekne med noko venting.
God tur langs den høgaste bilvegen i Noreg!
Adresse Juvasshytta: Galdhøpiggvegen 1492, 2687 Bøverdalen