Praktisk informasjon
Sko og klede
Temperatur, vær og vind skiftar raskt her oppe. Ta derfor med fjellsko/ varme sko, vindtette klede, lue og vottar på turen.
Tilrettelegging
Over Juvflye er det tilrettelagt med gangbaner med formidlingsplakatar undervegs. Istunnelen og tilkomsten hit er ikkje tilrettelagt. Her er det trapp opp til inngangen, medan det vidare innover er is- og snødekke med varierande høgder og breidder.
Om turen
Den guida turen tek omlag 2,5 timar. Turen gjennom klimaparken til istunnelen er under 1 km, med formidlingsstasjonar med informasjon om klima, dyreliv, geologi, botanikk og historie. Mot slutten av turen går vi inn i istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Etter besøket i istunnelen kan du ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen. Stigen går dels i steinur, og er noko tilrettelagt med oppmura steg.