Vilkår for deltaking på guida tur i Klimapark 2469
Klimapark 2469 er ei utandørs oppleving i høgfjellet cirka 1850 meter over havet.
Den guida turen i Klimapark 2469 tek omlag 2 timar, og går fyrst i underkant av ein kilometer langs tilrettelagd gangbane over Juvflye. Her fortel guiden undervegs om vêr og klima, geologi, dyreliv, flora og historie. Til sist går turen inn i istunnelen. Her ser du ein film før du kan utforske isen på eiga hand.
Turen er på cirka 2 kilometer tur/retur. Det er ikkje tillat med hund i istunnelen.
Oppmøte:
Den guida turen i Klimapark 2469 startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta. Guiden vil møte dykk der. Istunnelen er berre tilgjengeleg med guide.
Adresse Juvasshytta: Galdhøpiggvegen 1492, 2687 Bøverdalen.
Vêr og klede:
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Det er kring -3 grader i istunnelen. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
- solbriller for turen langs gangbana
Risiko ved deltaking:
Ein guida tur i Klimapark 2469 er i utgangspunktet ein lågterskel tur. Vi vil likevel gjere deltakarane merksame på at ein bør halde seg på den tilrettelagte gangbana og følgje anbefalingar frå guiden. Den bratte steinura kring Klimapark 2469 er ustabil. Deltaking er på eiga ansvar. Arrangør påtek seg inga økonomisk forplikting som følgje av skade på person eller utstyr.
Delar av turen, over Juvflye, er tilrettelagt med gangbaner. Frå gangbana og inn i istunnelen er det ei steinur som ein må krysse. Vidare innover i istunnelen er det is- og snødekke med varierande høgder og breidder, og det kan vere glatt.
Reise:
Vegen opp til Klimapark 2469 er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 meter over havet. Vegen er ilagt bomavgift. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt.
Meir informasjon om vegen opp til Juvasshytta er tilgjengeleg på nettsida til Juvasshytta; www.juvasshytta.no og www.juvasshytta.no/norges-høgstliggande-bilveg
På nettsida til Juvasshytta er det blant anna informasjon om prisar for bomavgift, korleis bomavgifta skal betalast, vilkår og anna viktig informasjon om vegen opp til Juvasshytta.
Parkering: Det er parkeringsplass ved Juvasshytta.
Buss: Det går buss frå Lom sentrum til Juvasshytta i ei avgrensa periode om sommaren. Sjå www.entur.no for informasjon om tider og prisar. Du må rekne med noko venting.
Avbestilling og refusjon:
Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde på cirka 1850 moh. Dei guida turane går uavhengig av vêrforholda, med mindre arrangør sjølv avlyser turen på grunn av vêrforhold eller Force Majeure. Sjå kapittel 8. Force Majeure i kjøpsbetingelsene. Om du vel å ikkje bli med på tur på grunn av dårleg vær, får du ikkje refusjon av billetten. Avbestilling må gjerast minst tre døgn (72 timar) før turen startar.
Dersom arrangør sjølv blir nøydd til å avlyse turen, vil deltakarar bli varsla så fort som mogleg på e-post og SMS.
Booking:
Om du bestiller billett til guida tur i Klimapark 2469 på vegne av andre, er du ansvarleg for å vidareformidle all relevant informasjon til deltakarane.
Med billett i Klimapark 2469 får du 30 % rabatt på utstillingane hos Norsk fjellsenter i Lom sentrum.
Har du spørsmål?
Sjå nettsida vår www.klimapark2469.no. Du kan også sende oss ein e-post til [email protected] eller ring oss på +47 61 21 16 00. Ta kontakt om du vil avbestille turen, så hjelper vi deg.