
Klimaparken er ei utandørs oppleving i høgfjellet cirka 1850 meter over havet. I istunnelen er temperaturen omtrent som i eit kjøleskåp. Ta på varme klede og sko som passar for fjelltur så du får ein behageleg tur. Vanligvis er folk kring 20 minuttar inne i sjølve istunnelen.
Guiden møter deg og resten av gruppa ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta.
På den nær kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten, fortel guiden om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet.
Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd og utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi.
Tunnelen har fleire ganger og rom, trapp og ein eigen liten kinosal. Replika av eldgamle brearkeologiske funn er frose inn i ismontre i veggane. Midt i tunnelen finn du treet Yggdrasil som strekk greinane sine utover.
Ungar kan ta seg ein rutsjetur på sklia inn til Midgardsormen, om dei tør. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlandsnoreg.
Guiden tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen cirka 2 timar, og det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med guide.
Gjester til Klimapark 2469 kan bruke toaletta ute mot betaling.
Hundar må vente ute. Det er ikkje lov å ha hundar med inn i istunnelen. Er de fleire i gruppa, kan de byte på å vente utanfor med hunden, men det beste er å la hunden bli heime.
Vêr og klede
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli.
Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt.
Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Det er kring -3 grader i istunnelen. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
