Spørsmål og svar

Guida tur

Kva inneheld den guida turen?

På den nær kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten, fortel naturvegleiaren om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet. Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg.

 

Kor lenge varar turen?

Den guida turen varar i cirka 2,5 timar. Det er cirka en time guiding ute før vi går inn i istunnelen.

 

Kor startar turen?

Møt opp ved starten av gangbana ti minutt før turen byrjar.

Biletet viser kor den guida turen startar.

Starten av gangbanen.

Sko og klede

Kva burde eg ha på meg?

Ta på deg varme klede: vintersko/tursko, lue og vottar, varm jakke og bukse (gjerne vind- og vasstett) og ullundertøy.

Temperaturen i istunnelen er kring -3ºC. Klimapark 2469 er lokalisert 1800 meter over havet. Selv på sommaren kan temperaturen vera låg.

 

Kan eg bruke joggesko?

Nei, me vil anbefale å ta med fjellsko eller varme sko.

 

Korleis er vêret på Juvflye?

Vêret kan endra seg fort oppe på høgfjellet. Vi vil oppfordra alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at dykk reiser trygt. Du kan for eksempel søke opp "Juvasshytta" på yr.no.

Reise

Korleis reiser eg til Klimapark 2469?

Med bil: følg skilting til Juvasshytta frå fylkesveg 55 Sognefjellsvegen, 19 km vest for Lom sentrum.

Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil. Det er asfaltert bomveg opp til Juvasshytta. Du kan ikkje køyre opp med påhengd campingvogn.

Med buss: du kan i periodar ta bussen frå Lom rutebilstasjon til Juvasshytta, men må rekne med noko venting. Sjå entur.no for rutetider.

Hugs at vêret kan endra seg fort på høgfjellet. Vi vil oppfordra alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at dykk reiser trygt.

God tur langs den høgaste bilvegen i Noreg!

Kor lang tid tek det å køyre frå Lom sentrum til Klimapark 2469?

Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil.

 

Kan eg køyre opp med påhengd campingvogn?

Nei, det kan du dessverre ikkje.

Billettar og avbestilling

Kva gjer eg om eg ikkje får reist likevel?

Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde, dei guida turane går uavhengig av vêrforhold.

For å få full refusjon, må du avbestille turen seinast tre døgn (72 timar) før start. Dersom du ikkje avbestiller innan fristen, blir ikkje billettane refundert.

For grupper i Klimapark 2469 er det gratis avbestilling inntil 10 dagar før oppmøtetidspunktet/guida tur. Hvis gruppen kansellerer turen tidligare enn 5 dagar før datoen for den guida turen, vil vi fakturere 15 prosent av billettprisen. Ved avbestilling seinare enn 5 dagar før den guida turen, vil vi fakturere heile billettprisen.

 

Må eg bestille billett på førehand?

Me vil anbefale å bestille billett på førehand for å sikre deg plass på guida tur. Det er også mogleg å kjøpa billettar i resepsjonen til Klimapark 2469 på Juvasshytta dersom turen ikkje er fullbooka.

Istunnelen

Kva får eg sjå i istunnelen?

Høgdepunktet på den guida turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd og utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi.

Tunnelen har fleire ganger og rom, trapp og ein eigen liten kinosal. Replika av eldgamle brearkeologiske funn er frose inn i ismontre i veggane.

Midt i tunnelen finn du treet Yggdrasil som strekk greinane sine utover. Ungar kan ta seg ein rutsjetur på sklia inn til Midgardsormen, om dei tør. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlandsnoreg.

Kor kaldt er det i istunnelen?

I istunnelen er det kring 3 minusgradar.

 

Kor stor er istunnelen?

Istunnelen er nær 400 kvadratmeter.

 

Kan eg gå inn i istunnelen utan guide?

Nei, istunnelen er berre tilgjengeleg saman med guide.

 

Kan hunden bli med?

Nei, hundar må vente ute. Det er ikkje lov å ha hundar med inn i istunnelen.

Er de fleire i gruppa, kan de byte på å vente utanfor med hunden, men det beste er å la hunden bli heime.

Tider og prisar

Når er det guida turar?

Klimaparken opnar kring midten av mai og stengjer i midten av september, avhengig av vêret. Det er daglege guida turar frå midten av juni.

 

Kor mykje kostar det?

  • Vaksen: kr 395,-
  • Barn 4–18 år: kr 215,-
  • Familie: kr 885,- (foreldre med opptil tre barn under 18 år)
  • Grupper: inntil 20 personar: kr 4500,- inkludert guide

Praktisk informasjon

Kor krevjande er turen?

Turen er ikkje veldig krevande. Den guida turen tek omlag 2,5 timar. Turen gjennom klimaparken til istunnelen er under 1 km.

Over Juvflye er det tilrettelagt med gangbaner med formidlingsplakatar undervegs. Istunnelen og tilkomsten hit er ikkje tilrettelagt. Her er det trapp opp til inngangen, medan det vidare innover er is- og snødekke med varierande høgder og breidder.

 

Finnast det toaletter i nærheten?

Det er ikkje toalett i tilknytning til Klimapark 2469, men de kan nytte toalett ved Juvasshytta mot betaling.

 

Får jeg rabatt hos Norsk Fjellsenter om jeg besøker Klimapark 2469?

Ja, billett i Klimapark 2469 gjev 30 % rabatt på inngangsbilletten på Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Billettane treng ikkje nyttast same dag.