Klimapark 2469 er stengt for sesongen, og noko av informasjonen på nettsida kan derfor vere utdatert. 

 

Finn vegen til Klimapark 2469

Klimapark 2469 er ei utandørs oppleving i høgfjellet cirka 1850 meter over havet.

Den guida turen startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta. Istunnelen er berre tilgjengeleg med guide.

Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.

Vegen opp til Klimapark 2469 er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 meter over havet. Vegen er ilagt bomavgift. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt.

Meir informasjon om vegen: Vegen opp til oss - Juvasshytta

 

Adresse Juvasshytta: Galdhøpiggvegen 1492, 2687 Bøverdalen

Bil

Følg skilting til Juvasshytta frå fylkesveg 55 Sognefjellsvegen, 19 km vest for Lom sentrum. Asfaltert bomveg. Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil.

Du kan ikkje køyre opp med påhengd campingvogn, men campervan er greitt.

Meir informasjon om vegen: Vegen opp til oss - Juvasshytta

God tur langs den høgaste bilvegen i Noreg!

Buss

Det går buss frå Lom sentrum til Juvasshytta i ei avgrensa periode om sommaren. Sjå www.entur.no for informasjon om tider og prisar. Du må rekne med noko venting.