Nyheiter
Europeisk kulturminnepris til det brearkeologiske sikringsprogrammet
Secrets of the Ice får Den europeiske kulturminneprisen/Europa Nostra Award 2025 for sitt banebrytande forskings- og formidlingsprogram.
EU-kommisjonen og Europa Nostra kunngjorde vinnarane 12. juni. Prisen blir delt ut i fem kategoriar. Secrets of the Ice vann i kategorien «forsking». Dette er første gong Noreg har delteke med eit forskingsprosjekt i konkurransen om De europeiske kulturminnepriser/Europa Nostra Awards.
Europas mest prestisjefylte kulturarvprisar går til 30 vinnarar frå 24 land over heile kontinentet. Vinnarane blei valde ut av ein jury beståande av elleve kulturarvekspertar frå heile Europa. I 2025 blei 251 prosjekt vurderte, noko som enda med 30 verdige vinnarar.
Prisen blir delt ut i Brussel 13. oktober.
Juryens grunngjeving:
Secrets of the Ice er eit internasjonalt anerkjent forskings- og formidlingsprogram i Innlandet fylke i Noreg, som har dokumentert over 4 500 gjenstandar, halvparten av verdas brearkeologiske funn. Ved å sameine vitskapleg innovasjon, metodikk, undervisning og publikumsengasjement, synleggjer programmet dei akutte konsekvensane av klimaendringar for høgfjellsarkeologien.
Secrets of the Ice er eit banebrytande døme på korleis kulturarvsforsking kan svare på effektane av global oppvarming, med ein metodikk som har internasjonal relevans for høgfjells- og nordområde. Programmet sine sterke vitskaplege resultat, den tverrfaglege tilnærminga og den aktive involveringa av unge forskarar er høgst prisverdig.
Audmjuke og stolte
Samarbeidspartnarane i Secrets of the Ice er svært glade for det kvalitetsstempelet som Den europeiske kulturminneprisen/Europa Nostra Award 2025 er for det brearkeologiske sikringsprogrammet.
– Vi er audmjuke og stolte over å ha motteke denne viktige prisen for arbeidet med brearkeologi i Innlandet. Klimaendringane slår hardt inn og er tydeleg synlege i høgfjellet i Noreg. Smeltande is og arkeologiske funn har blitt dei fremste symbola på endringane. Prisen motiverer oss til å arbeide vidare med å sikre ein unik del av Europas kulturarv og formidle ut til verda om fortid, notid og framtid på Noregs tak. Vi gler oss til å ta imot prisen i Brussel i oktober, seier kultursjef i Innlandet fylkeskommune, Kurt Ole Linn, direktør ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, Aud Valborg Tønnessen, og dagleg leiar i Norsk fjellmuseum og Klimapark 2469, Mai Bakken, i ei felles fråsegn.
Om prisen
European Heritage Awards / Europa Nostra Awards blei lanserte av Europakommisjonen i 2002 og har sidan blitt drivne av Europa Nostra. I 23 år har prisane vore eit viktig verktøy for å anerkjenne og fremje kulturarven sine mange verdiar for kultur, samfunn, økonomi og miljø i Europa.
Prisane har lyfta fram og spreidd kunnskap om framifrå arbeid og beste praksis innan kulturarv i Europa, oppmuntra til grensekryssande kunnskapsutveksling og kopla aktørar innan kulturarv saman i større nettverk. Prisane har gitt store fordelar for vinnarane, som auka nasjonal og internasjonal merksemd, meir finansiering og fleire besøkande. I tillegg har prisane bidrege til auka medvit og omsorg for vår felles kulturarv blant Europas innbyggjarar.
Prisutdeling under europeisk toppmøte
Vinnarane blir heidra 13. oktober under seremonien for European Heritage Awards 2025 i Flagey i Brussel, Belgia. Her deltek EU-kommissær Glenn Micallef og presidenten i Europa Nostra, Hermann Parzinger.
Under seremonien vil vinnarane av Grand Prix og Publikumsprisen bli kunngjorde. Desse blir valde blant årets vinnarar av European Heritage Awards / Europa Nostra Awards, og vil få 10 000 euro kvar.
Prisutdelinga blir eit høgdepunkt under det europeiske toppmøtet for kulturarv 2025 i Brussel 12.–14. oktober.
Pressekontakt:
Arkeolog Espen Finstad epost: [email protected] / telefon: 901 79 443 Nettside for det brearkeologiske sikringsprogrammet: Secrets Of The Ice
For meir informasjon:



