Om turen

Om guida tur gjennom klimaparken

Kjøp billett her!

Turen startar over Juvflye. Her er det tilrettelagt med gangbaner, og undervegs står det formidlingsstasjonar med informasjon om klima, dyreliv, geologi, botanikk og historie.

Over Juvflye

Turen startar over Juvflye. Her er det tilrettelagt med gangbaner, og undervegs står det formidlingsstasjonar med informasjon om klima, dyreliv, geologi, botanikk og historie.

Etter i underkant av ein kilometer går vi inn i istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom, og er designa og lyssett av kunstnar og skulptør Peder Istad.

Istunnelen

Etter i underkant av ein kilometer går vi inn i istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom, og er designa og lyssett av kunstnar og skulptør Peder Istad.

Etter besøket i istunnelen kan du ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen. Stigen går dels i steinur, og er noko tilrettelagt med oppmura steg.

Kjelbreen

Etter besøket i istunnelen kan du ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen. Stigen går dels i steinur, og er noko tilrettelagt med oppmura steg.

Sko og klede

På turen gjennom klimaparken er vi utandørs over 1 800 meter over havet. Her skiftar temperatur, vær og vind raskt. Ta derfor med fjellsko/ varme sko, vindtette klede, lue og vottar på turen.

Tilkomst

Turen startar ved Juvasshytta. Følg skilting til Juvasshytta frå Galdesand langs fylkesveg 55 Sognefjellsvegen, 19 km vest for Lom sentrum. Asfaltert veg. Bomveg. Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil.

Tilrettelegging

Den guida turen tek omlag 2,5 timar. Turen gjennom klimaparken til istunnelen er under 1 km. Over Juvflye er det tilrettelagt med gangbaner med formidlingsplakatar undervegs.  Istunnelen og tilkomsten hit er ikkje tilrettelagt. Her er det trapp opp til inngangen, medan det vidare innover er is- og snødekke med varierande høgder og breidder.

Legg igjen en kommentar





For security, use of Google's reCAPTCHA service is required which is subject to the Google Privacy Policy and Terms of Use.

I agree to these terms.