Billettar for guida turar i Klimapark 2469 sesongen 2026 er no ute.
Klimapark 2469 er stengt for sesongen. Daglege guida turar frå 20. juni - 31. august 2026.
Bli med inn i isen
Bli med inn i ein handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. På vegen lærer du om forhistorisk jakt, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Turen tek cirka 2 timar.
Vi ber alle gjestar om å booke billettar på førehand.
Turen over permafrosten
På den nær 1 kilometer lange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten lærer du om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet. Det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur.
Istunnelen i Juvfonne
Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd, og skulpturane er utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi.
I istunnelen finn du blant anna ein diger diamant, ei fasinerande klode, eit klimaarkiv, Midgardsormen og ein liten kinosal. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg.
Tider og prisar 2026
Tider
Vi har guida turar i tidsrommet 20. juni - 31. august 2026. Sjå kalender for tider og språk.
Prisar
Vaksen: kr 395,- per person.
Barn 4–18 år: kr 215,- per person.
Familierabatt: 25% rabatt på barnebillett ved bestilling av meir enn ein barnebillett.
Grupper: inntil 20 personar: kr 4500,- inkludert guide. Ta kontakt med oss for gruppebestilling.
Gratis for barn under 4 år.
Kjøp av billett i Klimapark 2469 gjev 30% rabatt på inngangsbilletten hos Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Billettane treng ikkje nyttast same dag.
Inkludert i prisen: om lag 2 timer guiding, inngang til istunnelen, turleiar
Ikkje inkludert i prisen: bomavgift opp til Juvasshytta, turklede, mat og drikke, tilgang til toalett ved Juvasshytta
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli.
Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt.
Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Det er kring -3 grader i istunnelen. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
- solbriller til turen langs gangbana
Reise
Vegen opp til Klimapark 2469 er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 meter over havet.
Vegen er ilagt bomavgift. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt. Meir informasjon om vegen: Vegen opp til oss - Juvasshytta
Buss: Det går buss frå Lom sentrum til Juvasshytta i ei avgrensa periode om sommaren. Sjå www.entur.no for informasjon om tider og prisar. Du må rekne med noko venting.
Lokasjon
Klimapark 2469 er ei utandørs oppleving i høgfjellet cirka 1850 meter over havet. Den guida turen startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta.
Adresse Juvasshytta: Galdhøpiggvegen 1492, 2687 Bøverdalen