Ofte stilte spørsmål
Guida tur i Klimapark 2469
Kva inneheld den guida turen i Klimapark 2469?
Bli med inn i ein handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. På vegen lærer du om forhistorisk jakt, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella.
På den nær 1 kilometer lange turen langs gangbana over Juvflye og permafrosten lærer du om klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet. Det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur.
Høgdepunktet på turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd, og skulpturane er utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi.
I istunnelen finn du blant anna ein diger diamant, ei fasinerande klode, eit klimaarkiv, Midgardsormen og ein liten kinosal. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg.
Kor lenge varar turen?
Den guida turen varar i cirka 2 timar. Det er cirka en time guiding ute før vi går inn i istunnelen.
Kor startar turen?
Klimapark 2469 er ei utandørs oppleving i høgfjellet cirka 1850 meter over havet. Oppmøte er ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta. Istunnelen er berre tilgjengeleg med guide.
Biletet viser kor den guida turen startar.

Vêr og klede
Kva må eg ha på meg på guida tur i Klimapark 2469?
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Sørg for å ha på deg:
- jakke og bukse, både jakka og buksa bør vere varm, vindtett og vasstett
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
- lue og vottar
- ullundertøy
Korleis er vêret i Klimapark 2469?
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan søke opp "Juvasshytta" på yr.no.
Temperaturen i istunnelen er kring -3°C. Klimapark 2469 er lokalisert cirka 1850 meter over havet. Sjølv på sommaren kan temperaturen vera låg, det kan til og med komme snø i juli.
Kan eg bruke joggesko?
Nei, vi anbefaler å bruke fjellsko eller vintersko.
Reise
Korleis reiser eg til Klimapark 2469?
Med bil: følg skilting til Juvasshytta frå fylkesveg 55 Sognefjellsvegen, 19 km vest for Lom sentrum.
Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det om lag 45 minutt med bil. Det er asfaltert bomveg opp til Juvasshytta. Du kan ikkje køyre opp med påhengd campingvogn, men campervan er greit.
Med buss: du kan i periodar ta bussen frå Lom rutebilstasjon til Juvasshytta, men må rekne med noko venting. Sjå entur.no for rutetider.
Hugs at vêret kan endra seg fort på høgfjellet. Vi vil oppfordra alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt.
God tur langs den høgaste bilvegen i Noreg!
Kor lang tid tek det å køyre frå Lom sentrum til Klimapark 2469?
Frå Lom sentrum til Juvasshytta tek det omlag 45 minutt med bil.
Kan eg køyre opp med påhengd campingvogn?
Nei, det kan du ikkje. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greit.
Billettar og avbestilling
Kva gjer eg om eg ikkje får reist likevel?
Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde, dei guida turane går uavhengig av vêrforhold.
For å få full refusjon, må du avbestille turen seinast tre døgn (72 timar) før start. Dersom du ikkje avbestiller innan fristen, blir ikkje billettane refundert.
For grupper i Klimapark 2469 er det gratis avbestilling inntil 10 dagar før oppmøtetidspunktet/guida tur. Om gruppa kansellerer turen tidlegare enn 5 dagar før datoen for den guida turen, vil vi fakturere 15 prosent av billettprisen. Ved avbestilling seinare enn 5 dagar før den guida turen, blir heile billettprisen fakturert.
Må eg bestille billett på førehand?
Vi vil anbefale å bestille billett på førehand for å sikre deg plass på guida tur. Det er også mogleg å kjøpe billettar i resepsjonen til Klimapark 2469 på Juvasshytta dersom turen ikkje er fullbooka.
Istunnelen
Kva får eg sjå i istunnelen?
Høgdepunktet på den guida turen er den vakre istunnelen i Juvfonne. Istunnelen er handhogd, og utforma av iskunstnar Peder Istad med inspirasjon frå norrøn mytologi.
Tunnelen har fleire ganger og rom, trapp og ein eigen liten kinosal. Kopiar av eldgamle brearkeologiske funn er frose inn i ismontre i veggane.
Midt i tunnelen finn du treet Yggdrasil som strekk greinane sine utover. Ungar kan ta seg ein rutsjetur på sklia inn til Midgardsormen, om dei tør.
I istunnelen finn du blant anna ein diger diamant, ei fasinerande klode, eit klimaarkiv, Midgardsormen og ein liten kinosal. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg.
Kor kaldt er det i istunnelen?
I istunnelen er det kring 2-3 minusgradar.
Kor stor er istunnelen?
Istunnelen er nær 400 kvadratmeter.
Kan eg gå inn i istunnelen utan guide?
Nei, istunnelen er berre tilgjengeleg saman med guide. Døra til istunnelen er stengt med hengelås.
Kan hunden bli med?
Nei, hundar må vente ute. Det er ikkje lov å ha hundar med inn i istunnelen.
Er de fleire i gruppa, kan de byte på å vente utanfor med hunden, men det beste er å la hunden bli heime.
Tider og prisar
Når er det guida turar?
Klimaparken opnar kring midten av mai og stengjer i midten av september, avhengig av vêret. Det er daglege guida turar frå 21. juni.
Kor mykje kostar det å delta på guida tur?
- Vaksen: kr 395,- per person
- Barn 4–18 år: kr 215,- per person
- Familierabatt: kupongkoda "FAMILIE25" gir 25% rabatt på billettar som gjeld 1-2 vaksne med opptil 3 barn mellom 4 og 18 år.
- Grupper: inntil 20 personar: kr 4500,- inkludert guide. Ta kontakt med oss for gruppebestilling.
Praktisk informasjon
Kor krevjande er turen?
Turen er overkommeleg for dei aller fleste. Den guida turen tek cirka 2 timar. Turen frå oppmøteplassen til istunnelen er cirka 1 km og går i flatt terreng. Her er det tilrettelagt med gangbaner med formidlingsplakatar undervegs. Istunnelen og tilkomsten hit er ikkje tilrettelagt. Det er om lag 2 km å gå tur/retur.
Frå enden av gangbana er det ei steintrapp opp til inngangen av istunnelen, medan det vidare innover i istunnelen er is- og snødekke med varierande høgder og breidder.
Finnast det toaletter i nærheten?
Det er ikkje toalett i tilknytning til Klimapark 2469, men de kan nytte toalett ved Juvasshytta mot betaling.
Får eg rabatt hos Norsk Fjellsenter om eg besøker Klimapark 2469?
Ja, billett i Klimapark 2469 gjev 30 % rabatt på inngangsbilletten på Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Billettane treng ikkje nyttast same dag.