Tilrettelegging
Delar av turen, over Juvflye, er tilrettelagt med gangbaner med formidlingsplakatar undervegs. Frå gangbana og inn i istunnelen er det ei steinur som ein må krysse. Medan det vidare innover er is- og snødekke med varierande høgder og breidder, og det kan vere glatt. Det er ikkje gangbane inne i istunelen. Det er ikkje lov å ha med hund inn i istunnelen.
