Vilkår for deltaking på guida tur i Klimapark 2469
Den guida turen i Klimapark 2469 tek omlag 2 timar, og går fyrst i underkant av ein kilometer langs tilrettelagd gangbane over Juvflye. Her fortel guiden undervegs om vêr og klima, geologi, dyreliv, flora og historie. Til sist går turen inn i istunnelen. Her ser du ein film før du kan utforske isen på eiga hand.
Turen er på cirka 2 kilometer tur/retur.
Oppmøte:
Den guida turen i Klimapark 2469 startar ved det første skiltet ved gangbana, rett over vegen for parkeringsplassen ved Juvasshytta. Guiden vil møte dykk der.
Istunnelen er berre tilgjengeleg med guide.
Vêr og klede:
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Det er kring -3 grader i istunnelen. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
Risiko ved deltaking:
Ein guida tur i Klimapark 2469 er i utgangspunktet ein lågterskel tur. Vi vil likevel gjere deltakarane merksame på at ein bør halde seg på den tilrettelagte gangbana og følgje anbefalingar frå guiden. Den bratte steinura kring Klimapark 2469 er ustabil. Deltaking er på eiga ansvar. Arrangør påtek seg inga økonomisk forplikting som følgje av skade på person eller utstyr.
Reise:
Vegen opp til Klimapark 2469 er eigd av Juvasshytta og er Noreg sin høgastliggande veg. Den guida turen i Klimapark 2469 foregår på cirka 1850 meter over havet. Vegen er ilagt bomavgift som du kan betale i automaten på parkeringa ved Juvasshytta. Bil med campingvogn er ikkje tillete, men campervan er greitt.
Om du vil ta bussen, kan du finne informasjon om tider og prisar på www.entur.no. Du må rekne med noko venting.
Avbestilling og refusjon:
Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde på cirka 1850 moh. Dei guida turane går uavhengig av vêrforholda. Avbestilling må gjerast minst tre døgn (72 timar) før turen startar.
Det er kun mogleg å ombooke turen dersom ombookingsgaranti er kjøpt.
Om du bestiller billett til guida tur i Klimapark 2469 på vegne av andre, er du ansvarleg for å vidareformidle all relevant informasjon til deltakarane.
Med billett i Klimapark 2469 får du 30 % rabatt på utstillingane hos Norsk fjellsenter i Lom sentrum.
Har du spørsmål?
Sjå nettsida vår www.klimapark2469.no. Du kan også sende oss ein e-post til [email protected],
eller ring oss på 61 21 16 00. Ta kontakt om du vil avbestille turen, så hjelper vi deg.