ADVARSEL / WARNING
Vi fraråder all ferdsel på isfonna (Juvfonne) grunna fleire store og djupe dreneringshull.
We advise against walking on the ice patch (Juvfonne) due to several large and deep drainage holes.
Noko av teksten har blitt omset ved hjelp av kunstig intelligens, men er kvalitetssikra. / Some of the text have been translated using artificial intelligence, but it has been quality checked.
Klimapark 2469 er stengt for sesongen.
Guida turar i Klimapark 2469 for grupper
Vi tilbyr guida turar for grupper cirka 1850 meter over havet i Klimapark 2469. Bli med på ei unik og kunnskapsrik oppleving.
Ta kontakt med oss på 61 21 16 00 eller [email protected] for å gjera avtale.
Kva inneheld den guida turen i Klimapark 2469?
Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde lokalisert cirka 1850 meter over havet i Lom kommune.
En guida tur i klimaparken består av:
- Ein tur på cirka 1 kilometer langs gangbana over Juvflye og permafrosten. Her fortel guiden om vêr og klima, geologi, dyreliv, flora og historie. Det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur.
- Inngang til den vakre istunnelen i Juvfonne. Høgdepunktet på turen er istunnelen. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt.
Turen tek cirka 2 timar.
Kombiner med
Inngang hos Norsk fjellsenter
Sjå skattana som har smelta fram frå isen. Billett i Klimapark 2469 gjev også 30% rabatt på inngangsbilletten til utstillingane på Norsk fjellsenter i Lom.
Møterom hos Norsk fjellsenter
På Norsk fjellsenter i Lom er det mogeleg å bestille møterom med fleire fasilitetar. Kva med å ta avdelingssamlinga her?
Opplevingar i Lom
Lom har mykje å by på av opplevingar. Vi kan hjelpe dykk med å finne passande spisestadar, turar og aktivitetar i Lom og nærområdet.
Visit Jotunheimen: Velkomen til Lom og Jotunheimen - Jotunheimen
Priser
Pris: grupper med inntil 20 personar: kr 4500,- inkl. turleiar.
Inkludert i prisen:
- 20 personar + turleiar
- 2 timer guiding
- Inngang til istunnelen
Ikkje inkludert i prisen:
- Bomavgift opp til Juvasshytta
- Turklede
- Mat og drikke
- Tilgang til toalett ved Juvasshytta
Periode: Ta kontakt med oss for å bestille guida tur for di gruppe medio mai - oktober.
Avbestilling: Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde, dei guida turane går uavhengig av vêrforhold.
For grupper i Klimapark 2469 er det gratis avbestilling inntil 10 dagar før oppmøtetidspunktet/guida tur. Om gruppa kansellerer turen tidlegare enn 5 dagar før datoen for den guida turen, vil vi fakturere 15 prosent av billlettprisen. Ved avbestilling seinare enn 5 dagar før den guida turen, blir heile billettprisen fakturert.
Billett i Klimapark 2469 gjev også 30% rabatt på inngangsbilletten til utstillingane på Norsk fjellsenter i Lom.
Vêr og klede
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
- solbriller til turen langs gangbana
Temperaturen i istunnelen er kring -3°C. Klimapark 2469 er lokalisert cirka 1850 meter over havet. Selv på sommaren kan temperaturen vera låg.
Ta kontakt med oss på 61 21 16 00 eller [email protected] for å gjera avtale.