Avbestilling og refusjon

Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde på cirka 1850 moh. Dei guida turane går uavhengig av vêrforholda, med mindre arrangør sjølv avlyser turen på grunn av vêrforhold eller Force Majeure. Sjå kapittel 8. Force Majeure i kjøpsbetingelsene.

Om du vel å ikkje bli med på tur på grunn av dårleg vær, får du ikkje refusjon av billetten. Avbestilling må gjerast minst tre døgn (72 timar) før turen startar. Dersom du ikkje avbestiller innan fristen, blir ikkje billettane refundert.

 

For grupper i Klimapark 2469 er det gratis avbestilling inntil 10 dagar før oppmøtetidspunktet/guida tur. Om gruppa kansellerer turen tidlegare enn 5 dagar før datoen for den guida turen, vil vi fakturere 15 prosent av billettprisen. Ved avbestilling seinare enn 5 dagar før den guida turen, blir heile billettprisen fakturert.

Dersom arrangør sjølv blir nøydd til å avlyse turen, vil deltakarar bli varsla så fort som mogleg på e-post og SMS.

Ute på høgfjellet. Ein guide som snakkar framfor ei gruppe med folk.
Kunnskapsformidling på høgfjellet. Foto: Live Andrea Sulheim / Klimapark 2469