Artikkel i Nature
Skrive av: Live Heldal Hagen
Ein ny, omfattande studie har sett på korleis isbrear over heile verda har endra seg frå 2000 til 2023. Resultata viser at isbrear smelter i alle regionar, men at det er store geografiske forskjellar. I Sentral-Europa har isbreane minka med nesten 40% sidan 2000. I Skandinavia, inkludert Jotunheimen, har isbreane mista 14% av alt volum. Dei siste fire åra (2019-2023) har den årlege smeltinga vore rekordhøg.
Sjølv om vi klarar å redusere dagens klimagassutslepp betydeleg, vil smelting av isbrear fortsetje dei neste tiåra fordi brear har ein forseinka klimarespons. Frå og med andre halvdel av dette århundre vil smeltinga derimot i stor grad vere avhengig av kor mykje vi klarar å kutte i klimagass-utslepp nå.
Studien, som er publisert i Nature, er eit resultat av koordinert samarbeid mellom 35 forskarteam, og er den mest omfattande av sitt slag. Breforskar Liss Marie Andreassen frå NVE er medforfattar i artikkelen, og også ein del av forskarnettverket i Fjellviten.
Link til artikkelen: Community estimate of global glacier mass changes from 2000 to 2023 | Nature