Guida turar i Klimapark 2469 for grupper og bedrifter
Vi tilbyr guida turar for grupper og bedrifter cirka 1850 meter over havet i Klimapark 2469. Bli med på ei unik og kunnskapsrik oppleving.
Ta kontakt med oss på 61 21 16 00 eller [email protected] for å gjera avtale.


Kva inneheld den guida turen i Klimapark 2469?
Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde lokalisert cirka 1850 meter over havet i Lom kommune.
En guida tur i klimaparken består av:
- Ein tur på cirka 1 kilometer langs gangbana over Juvflye og permafrosten. Her fortel guiden om vêr og klima, geologi, dyreliv, flora og historie. Det er om lag 2 kilometer å gå tur/retur.
- Inngang til den vakre istunnelen i Juvfonne. Høgdepunktet på turen er istunnelen. Datering av isen viser at den er heile 7600 år gamal, og den eldste isen som er registrert på fastlands-Noreg. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt.
Turen tek cirka 2 timar.
Kombiner med
Inngang hos Norsk fjellsenter
Sjå skattana som har smelta fram frå isen. Billett i Klimapark 2469 gjev også 30% rabatt på inngangsbilletten til utstillingane på Norsk fjellsenter i Lom.

Møterom hos Norsk fjellsenter
På Norsk fjellsenter i Lom er det mogeleg å bestille møterom med fleire fasilitetar. Kva med å ta avdelingssamlinga her?

Opplevingar i Lom
Lom har mykje å by på av opplevingar. Vi kan hjelpe dykk med å finne passande spisestadar, turar og aktivitetar i Lom og nærområdet.
Visit Jotunheimen: Velkomen til Lom og Jotunheimen - Jotunheimen

Priser
Pris: grupper med inntil 20 personar: kr 4500,- inkl. turleiar.
Inkludert i prisen:
- 20 personar + turleiar
- 2 timer guiding
- Inngang til istunnelen
Ikkje inkludert i prisen:
- Bomavgift opp til Juvasshytta
- Turklede
- Mat og drikke
- Tilgang til toalett ved Juvasshytta
Periode: Ta kontakt med oss for å bestille guida tur for di gruppe medio mai - oktober.
Avbestilling: Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde, dei guida turane går uavhengig av vêrforhold.
For grupper i Klimapark 2469 er det gratis avbestilling inntil 10 dagar før oppmøtetidspunktet/guida tur. Om gruppa kansellerer turen tidlegare enn 5 dagar før datoen for den guida turen, vil vi fakturere 15 prosent av billlettprisen. Ved avbestilling seinare enn 5 dagar før den guida turen, blir heile billettprisen fakturert.
Billett i Klimapark 2469 gjev også 30% rabatt på inngangsbilletten til utstillingane på Norsk fjellsenter i Lom.
Vêr og klede
Vêret kan endre seg fort oppe på høgfjellet, og det kan til og med komme snø i juli. Vi vil oppfordre alle våre besøkande til å sjekke vêrmeldinga på førehand, slik at de reiser trygt. Du kan til dømes søke opp «Juvasshytta» på www.yr.no.
Det er viktig å kle seg varmt på ein guida tur i Klimapark 2469. Vi anbefaler:
- varm jakke og bukse, ein fordel om dei er vind- og vasstette
- lue og vottar
- ullundertøy
- sko som passar for fjelltur, for eksempel fjellsko eller vintersko
Temperaturen i istunnelen er kring -3°C. Klimapark 2469 er lokalisert cirka 1850 meter over havet. Selv på sommaren kan temperaturen vera låg.

Ta kontakt med oss på 61 21 16 00 eller [email protected] for å gjera avtale.