Guida tur i klimapark og istunnel

Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet med dagleg guiding i sommarsesongen. Ein naturvegleiar møter deg og resten av gruppa ved Juvasshytta ved Galdhøpiggen. På den nesten kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye naturvegleiaren klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet.

Turen blir avslutta i den vakre istunnelen i Juvfonne. Tunnelen er hogd inn i isen med gangar og rom og har ein kinosal. Naturvegleiaren tilpassar informasjonen til gruppa, og gjer turen spennande og lærerik også for ungar. Totalt tek den guida turen om lag 2,5 timar. Merk at istunnelen berre er tilgjengeleg saman med naturvegleiar på guida tur. Etter besøket i istunnelen kan du på eige hand ta turen langs stigen bort til utkikkspunktet mot Kjelbreen.

Sko og klede

Ta med fjellsko/ varme sko, vindtette klede, lue og vottar på turen i klimaparken – temperatur, vær og vind skiftar raskt her oppe.

Kjøp billett her!Guida tur i klimaparken og istunnelen.