Nasjonalparklandsbyen Lom

Fossbergom, sentrum i Lom, er ein naturleg innfallsport til heile tre nasjonalparklar, kommunen har lange tradisjonar for å ta imot tilreisande og det finst eit variert tilbod innan overnatting, aktivitetar og mat. Lom er ein av fem tettstadar som har fått statusen som nasjonalparklandsby. Dei andre nasjonalparklandsbyane er Geilo, Jondal, Vingelen og Storslett.

Tettstaden Lom er liten og og avstandane er korte. Her finn du butikkar, kafear, hotell, camping, steinsenter, turistinformasjon og fjellmuseum og besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen i Norsk fjellsenter. Gjennom sentrum renn elva Bøvre som kjem susande ned frå Jotunheimen. Elva er fin heile året, men når vasstanden er høg er det ei spesiell oppleving å gå over brua og sjå ned i dei store vassmassene. Om sommaren kan du kople deg på ei zipline over Bøvre og segle over elva. Lomskyrkja har ei lang historie, og stavkyrkja står staseleg slik ho har gjort i mange hundre år.

Merka fotturar frå nasjonalparklandsbyen

I sentrum kan du parkere bilen og ta føtene fatt. Liene her er bratte, turterrenget variert og utsikta fin! Tre turtips som går opp i høgda: Tronoberget – over berg og gjennom furuskog. Læshøe – opp bratta og inn på snaufjellet. Eggjapiken – landemerke i Breheimen nasjonalpark. På Norsk fjellsenter si heimeside finn du fleire gode turtips frå lokalkjende. I Lom kan du også få eit gratis turkart som syner dei merka stigane du kan gå med bilen parkert i sentrum. Turkartet finn du på Norsk fjellsenter, turistinformasjonen og fleire andre stader i sentrum. På fjellsenteret får du også tips om andre turar i fjellet, du kan sjå den brearkeologiske utstillinga eller sitte framom elden i peisen inne på Norsk fjellsenter.

Ta turen innom Lom!

Vil du vite meir om Lom og kva som finst i sentrum og rundt omkring – ta ein titt på Visit Jotunheimen sine heimesider.

Foto: Kari Sveen