Tur til Galdhøpiggen. Foto: Kari Sveen

Kombiner turen til Galdhøpiggen med ein tur til Klimapark 2469!

Har du tenkt deg til toppen av Noreg i sommar? Ta turen til Galdhøpiggen ein dag og besøk klimaparken den neste. Frå Juvasshytta går turen over Styggebreen og vidare til topps, 2469 meter over havet.

Gjennom sommarsesongen er det mange som tek turen til toppen av Noreg. På godvêrsdagar er utsikta premien på toppen som hevar seg over alle andre fjell i Noreg. Turen til topps er gjennomførbar for mange, men hugs at turen er ein dagstur i høgfjellet. Sørg for sko, klede og utstyr for tur i høgfjellet. Dei fleste går frå Juvasshytta, men du kjem deg til topps frå Spiterstulen også, og da utan å måtte gå over bre. Juvasshytta arrangerer dagleg guida turar frå juni. Du kan også kontakte eit guidefirma som tek deg med, til dømes Fyrst og Fremst eller Aktiv i Lom. Til Galdhøpiggen frå Juvasshytta tek turen 6-7 timar. Lengda på turen er omlag 15 kilometer.

Om turen til Galdhøpiggen frå Juvasshytta

Fram til kanten av Styggebreen tek turen i underkant av ein time. Når Styggebreen skal kryssast er det viktig å ha følgje av ein breførar eller ein person med god kjennskap til bre og utstyr. Toppen ser du allereie frå her dersom sikta er god. Turen over breen tek omlag ein time, før siste del av turen går opp «piggura» der du går oppover mot toppen av Galdhøpiggen.

Tryggleik over breen

Styggebreen kan sjå grei ut, men som med snøbrear ellers ligg sprekkane skjult under snøen. Det er ikkje trygt å gå over Styggebreen utan sikringsutstyr og på eige hand utan kunnskap om utstyr og ferdsel på bre.

Endeleg på toppen får du utsikta frå det høgaste fjellet i Noreg, og i godvêr kan vi forsikre om at denne utsikta er særs god!

Flybilde