Velkomen til Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen, eit alpint landskap med høge toppar, snø og brear kvar du enn snur deg. I vest ser du vestlandet og i aust ser du innlandet. Det er slik det er å stå på toppen av Galdhøpiggen: Du veit at akkurat nå er du den med fast grunn under føtene som befinn seg høgast i Noreg. Rundt deg ser du dei høgaste fjella i Nord-Europa.

Jotunheimen strekker seg frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane som det mest særmerkte, til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn. Dronninga av fjellvatna er smaragdgrøne Gjende. Den grøne farga skuldast tilførsel av brevatn. Breelvene fører med seg breslam med ørsmå leirpartiklar ned i fjellvatna. Partiklane reflekterer solljoset og gjev vatna den særmerkte grøne farga. Når smeltinga i fjellet er stor, er farga på sitt mest intense.

Utladalen er verna saman med Jotunheimen som landskapsvernområde. I denne tronge og eigenarta dalen finst varmekjær lauvskog og høge fossar. Du kan gå bygdevegen som snirklar seg oppover dalen og kryssar den ville Utla fleire gonger på sin gang mellom dalsidene. Styva skog og gardar i bratte lier, er historiske merke som syner at folk har hatt livsgrunnlaget sitt i dalen langt attende i tid.

Ser du deg sjølv på toppen av Store Skagastølstind, sjølvaste Storen? Dagdrøymer du om rykket i fiskestanga i det fjellauren bit på? Er haustdraumen å stikke til fjells med familien, hoppe frå stein til stein langs ein stig og opne nistepakka på toppen av ei passe stor steinblokk? I Jotunheimen kan alt dette bli verkeleg.

Både tinderanglarar og barnefamiliar finn vegen til Jotunheimen. Her kan du nyte frodig og blomande vegetasjon, oppleve magien i blåisen, meistringa i fjellveggen og vandre i dagevis i steinur, snøfonner og mektige fjell. Eller berre nyte utsikta frå bilvegen.

Foto: Anne Silje Berg

Opplevingar

I Jotunheimen er det plass til både tinderanglaren og blomsterelskaren. Både dei med høgfjell under huda og fyrstereisande til fjellheimen, finn gode opplevingar her. Manglar du kjennskap til å ferdast til fjells på eige hand, eller ønskjer deg turfølgje? Finn fjellet saman med ein fjellførar.

Fotturar

Eit godt utbygd rutenett mellom turisthyttene i og utanfor nasjonalparken, går gjennom frodige dalar og over karrig steingrunn.

Vinterturar

Ta med skia på tur i Jotunheimen. Utpå vinteren blir mange turar i Jotunheimen stikka. Løypene syner veg frå hytte til hytte og inn i snødekte landskap. Dei toppturglade har og haugar av fine turar å velje i.

Fiske

Sleng fiskestonga på sekken og hent maten din sjølv medan du er på tur. Auren i Jotunheimnvatna kan lurast! Kjøp fiskekort på www.inatur.no.

Brevandring

Å ferdast på snøbrear og blåis krev kjennskap til og erfaring med bre og utstyr. Har du dette, får du tilgang til ei verd av is og spennande landskap, ein tumleplass for den eventyrlystne med stegjern, isøks og opplevingstrang. Fleire guidefirma tilbyr brevandring.

Klatring

Fjellklatringa i Jotunheimen står like sterkt nå som da engelskmennene byrja å utforske dei norske fjella på 1800-talet. I fjellmassivet Hurrungane finst det luftige veggar og krevjande klatring, men også klyving og lettare graderte ruter.

Topptur

Jotunheimen har fjell for mange. Sommar er for dei få, andre er oppnåelege for mange. Utsikta frå ein tind vekkjer lysta til å besøke den neste, og slik byrjar tinderanglinga.


Dyreliv

Livet i høgfjellet er berre for dei som har knekt koda. Det er ikkje for alle å overleve lange vintrar og strie vindar. Her lever dyr og fuglar som taklar tilhøve ein ikkje skule tru var moglege å leve i. Dyrelivet i Jotunheimen spenner frå hardføre småfuglar til rovdyr med falkeblikk og skarpe naser. Dei er alle høgfjellsspesialistar.

Jerv

Smidig og sterk streifer jerven rundt i fjella som jeger og åtseletar. Jerven er ein einstøing med svørt store leveområde. Jerven nyt godt av den talrike førekomsten av rein, som han også deler leveområde med.

Rein

I Noreg har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen: Omlag 90 % av den ville tundrareinen i verda finst her. Denne høgfjellsarten framfor nokon, er tilpassa låge temperaturar og karrige beite, og flokkane er stadig på vandring mellom beite- og kalvingsområde gjennom året. Villreinen held til i Vest- Jotunheimen, medan tamreinlaga i Vågå og Lom driftar store tamreinflokkar aust i Jotunheimen.

Fuglar i fjellet

Når vi er i fjellet både ser og høyrer vi livet i lufta. Dei store rovfuglane jaktar småvilt, gnagarar og småfuglar. Den nest største rovfuglen i Noreg, kongeørna, kan måle heile 2,2 meter mellom vengespissane. Det er hoa som er størst, noko som er vanleg hjå rovfuglane. Også jaktfalken spenner vidt mellom vengespissane: Med mål opp mot 1,6 meter er dette vår største falk. Han er ein rask jeger som vanlegvis slår byttet sitt i lufta i høg fart. På menyen står helst rype og han hekkar difor gjerne i område med god rypebestand. Småfugl kan også bli jaktfalken sitt bytte.
Fuglane er ein del av lydbiletet i fjellet. Den magiske låten til heiloen følger mange fjellvandrarar, og høyrer du lyden som av to steinar som smell mot kvarandre er det steinskvetten som held auge med deg. Med si blå og raudbrune bringe er blåstrupa eksotisk å sjå til, og ho finst i bjørkeskog og vierkratt også i høgfjellet.

Svingingar i fjellet

Det harde livsgrunnlaget i fjellet gjer at mange artar er sårbare og heilt avhengige av god mattilgang og uforstyrra område. Berre slik kan dei halde oppe bestanden.
År om anna kryr det av det vesle og hissige lemenet i fjellet. Store bestandar av smågnagarar gjev gode kår og meir føde for rovdyr og rovfuglar. I slike år slepp rypa lettare unna og får fram fleire ungar i kullet. Slik kan rypebestanden auke etter gode smågnagarår, og likeeins søkke etter år med låge smågnagartal.


Landskapet i Jotunheimen

Berggrunnen

Jotunheimen er ein del av den kaledonske fjellkjeda som strekker seg langs Noreg frå nord til sør. Dei såkalla jotunbergartane gabbro og syenitt er motstandsdyktige mot erosjon og står att som fjella og tindane som kjenneteiknar Jotunheimen. Her finst også lausare og meir næringsrike bergartar. Det vertikale spennet i Jotunheimen, saman med variasjonane i berggrunnen, gjev grobotn for ein mangfaldig vegetasjon.

Botanisk mangfald

Høgast av alle plantene som blomar veks issoleia: Heilt opp mot 2370 meter over havet oppunder Glittertind! Så snart snøen har smelta tittar mogopen og raudsildra også fram.

Fleire typiske låglandsartar er å finne godt over 1000 meter over havet i Jotunheimen, mellom dei liljekonvallen. Denne giftige planta vart tidlegare brukt i urtemedisinen i risikofylt behandling av hjartesjukom, forkjøling og magevondt.

Langs nordsida av Gjende og under Besseggen gjev ein kalkrik grunn eit botanisk mangfald i frodig fjellbjørkeskog. I bratte heng veks den kvitkledde fjelldronninga, også kalla bergfrue og lokalt kalla vianvang. Dette er Noreg sin nasjonalblome.

Lav

Kartlav er ein vanleg art i Noreg. Fordi han ikkje overlever under is, kan vi ved hjelp av laven rekne oss fram til kor lenge eit område har vore isfritt. Ljos steinur utan lav har vore isfritt kortare tid enn lavdekt steinur. Laven byrjar å vekse så fort isen smeltar, og veks sakte: Ein diameter på fem centimeter betyr at laven er omlag 250 år.

Foto: Anne Silje Berg

Aktuelle lenker