Reinsdyr døgnrytme og mørketid

Det er ikkje alltid så lett å kome seg opp av senga tidleg om morgonen i mørketida. Mange slit når vekkarklokka uler og slår opp augo berre for å møte synet av eit stummande mørke. Kanskje gjekk draumane våre i sekunda før nettopp til ein ljos, varm og vakker plass, berre for å forsterke møtet vårt med ein kald og mørk morgon.
Det er ikkje alltid så lett å kome seg opp av senga tidleg om morgonen i mørketida. Mange slit når vekkarklokka uler og slår opp augo berre for å møte synet av eit stummande mørke. Kanskje gjekk draumane våre i sekunda før nettopp til ein ljos, varm og vakker plass, berre for å forsterke møtet vårt med ein kald og mørk morgon.
Den biologiske klokka

Vi har ei biologisk klokke som styrer døgnet vårt, og den er igjen styrt av synssansen. Melatonin er kroppen sitt søvnhormon, og når det blir mørkt om kvelden, så aukar melatoninproduksjonen i kroppen og vi blir søvnige. I tillegg er vi utstyrt med ei indre klokke som hindrar oss å bli søvnige om vi til dømes går inn i eit mørkt rom midt på dagen.

Beitemønster og fordøying styrer søvn og kvile

Reinsdyr derimot, har truleg ikkje ei slik indre klokke, den er i alle fall langt svakare enn vår. Reinsdyr reagerer dermed med å auke produksjonen av melatonin så fort lyset blir slått av, og likeeins motsett når lyset blir slått på igjen. Dei responderer med andre ord direkte og uavhengig av noko døgnrytme. I staden er det heller beitemønster og fordøyelsen som styrer søvn og kvile. Livet i dei arktiske områda fremmar da heller ikkje behovet for ei slik indre klokke, heller tvert i mot. For det aller meste av tida er det liten forskjell på dag og natt, om det nå er vinter eller sommar. Det å kunne beite effektivt gjennom ein kort sommar og såleis eta på seg livsviktige feittreservar, er langt viktigare enn det å ha ei god døgnrytme for reinsdyra. Likeeins er det fornuftig å senke tempoet gjennom dei aller mørkaste månadane og såleis kunne spare mest mogleg energi. Faktisk kan det i dei heilt nordlege leveområda vere langt ljosare når det er måneskinn om natta, enn med det vesle dagsljoset som oppstår midtvinters, og da er det jo liten vits å vere trøytt og søvnig om nettene.

Det kan jo av og til vere lett å misunne reinsdyras “av og på knapp”. Kanskje spesielt nå på vinteren – eit klikk på ljosbrytaren tidleg om morgonen, og vips så hadde vi vakna… Likeeins kunne vi heilt sikkert unngått å sova burt den ljose fine sumarnatta her i nord. Men det spørs likevel om ein travel kvardag kombinert med fri tilgang til kunstig ljos fort hadde ført til grundig søvnmangel blant menneskeheita etter kvart…?

Kunnskapen om reinsdyras biologiske klokke er resultatet av eit forskingsprosjekt leda av professor Karl-Arne Stokkan ved Universitetet i Tromsø.

FORFATTAR
Dag Inge Bakke

LITTERATUR
Lu, Meng, Tyler, Stokkan & Loudon: A Circadian Clock Is Not Required in an Arctic Mammal, Current Biology, Volume 20, Issue 6, 533-537, 11 March 2010, doi: 10.1016/j.cub.2010.01.042.

FOTO
Erland Fjell