Skuleklasser i klimaparken

Skuleklasser er velkomne i klimaparken! Vi vil formidle historie på ein praktisk måte som er spennande og lærerik for elevane.

Skuleopplegga for grunnskulen hjå Klimapark 2469 og Norsk fjellsenter i Lom er tilpassa læreplanane for ulike klassetrinn og fag, og kan difor inngå i den ordinære undervisninga. Billett i klimaparken inkluderer inngang på fjellsenteret med brearkeologisk utstilling.
Ta kontakt med oss på 61 21 16 00 eller post(a)klimapark2469.no for å gjera avtale.

Pris

Skuleklasser kr 120 per elev. Prisen inkluderar guide.

Skuleklasser i klimaparken. Foto: palookaville.no/ Wildhagen