Om klimaparken
Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. På turen gjennom klimaparken tek ein guide med gruppa inn i eit spennande landskap av opplevingar og læring. Turen er ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima. Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen, er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar.
I Juvfonne, ved enden av gangvegen, går det ein tunnel 70 meter inn i den 7000 år gamle isen. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad, og er hakka ut og forma med handmakt.