Musøyra – verdas minste tre
Musøyra
Verdas minste tre
«Å ikkje sjå skogen for bare trær” er jo eit uttrykk som dei fleste kjenner til. Når ein står oppe på Juvflye, godt og vel 1800 m.o.h. så er det vel heller ikkje skog ein forventar å sjå. Men ifølge den verdskjende svenske vitskapsmannen Carl von Linné er musøyra det minste tre i verda – så skogen veks tett sjølv oppå Juvflye.
Hardfør skapning
Musøyra er kanskje den mest hardføre skapningen som har slått rot i den norske fjellheimen, og den er nok den planta som bidreg mest til å sette litt grønfarge på Juvflye. Musøyra er ein liten krypande busk i vierfamilien som har det meste av stamme og greinsystemet sitt nede under jorda. Det aller meste av planta er såleis godt beskytta under jorda gjennom vinteren, men den treng bare eit par veker etter snøsmelting før lauvverket igjen bretter seg ut på overflata. Den er såleis særs nøysam og taklar godt det kalde og tøffe klimaet i høgfjellet. Musøyra er og kjent for å bli kalla verdas minste tre. Den dannar tette matter, og kan bli svært gammal. Det offisielle norske namnet på planta viser til blada som liknar øyro til mus når dei faldar seg ut, men kjært barn har mange namn, så lokalt finst det ulike variantar. Musøyra er også ei særs viktig beiteplante for både ville og tamme dyr. Fjellrype og lemen nyt godt av denne viktige fjellplanta, og for reinen er dette favorittkosten utover seinsommaren. Fordi musøyra trivst best i snøleier, kan reinsdyra gå etter områder som blir snøfrie og der nye næringsrike musøyreblad stadig faldar seg ut. I tillegg er det her ofte kort veg til snøen om insektplaga skulle bli for stor.
Forfattaren Olav H. Hauge fortel så vakkert om musøyra i dette diktet frå 1946:
Fjellblokka kallar dei meg òg
Musøyra heiter eg,
fjellmo for sume,
og her i høgfjellet
høyrer eg til,
ei ørliti selje
på berre ein tume
men endå eit tre,
det minste av alle,
segjer Linné.
Kulden er hard her
og vinden strid,
her kan ein kje stå
med kruna vid
og susa som askar
og almar i lid, –
ein lyt gjera seg liten
og krjupa på kne,
det er mykje å vita
at du er til
og at geiter og smale
vil knupsa din ved, –
meg leitar dei etter
mil etter mil,
sogningen
kallar meg smil.
FORFATTAR:
Dag Inge Bakke
LITTERATUR/ KJELDER:
Trond Kristoffersen, 2007: Det blomstrende fjellet. Vigmostad Bjørke.
Olav H. Hauge, 1946: Glør i oska
FOTO:
Espen Finstad