BLI MED INN I ISEN
Turen til Klimapark 2469 og istunnelen er ei utandørs oppleving og ei reise attende i tid du seint vil gløyme.
Vi ber alle gjestar om å booke billettar på førehand.
Tider og prisar 2025
Dagleg guiding:
21. juni – 11. juli: klokka 10.00 og 14.00.
12. juli – 10. august: klokka 10.00, 12.00 (kun guida turar på engelsk) og 14.00.
11. august - 31. august:
klokka 10:00 og 14:00.
Prisar
Vaksen: kr 395,-
Barn 4–18 år: kr 215,-
Familierabatt: kupongkoda "FAMILIE25" gir 25% rabatt på billettar som gjeld 1-2 vaksne med opptil 3 barn mellom 4 og 18 år.
Grupper: inntil 20 personar: kr 4500,- inkludert guide
Bomveg: For å nå fram til Klimapark 2469 må du gjennom ein vegbom som krev betaling.
Toalett: Det er ikkje toalett i tilknytning til Klimapark 2469, men de kan nytte toalett ved Juvasshytta mot betaling.
Avbestilling: For å få full refusjon, må du avbestille turen seinast tre døgn (72 timar) før start. Dersom du ikkje avbestiller innan fristen, blir ikkje billettane refundert.
Billett i Klimapark 2469 gjev 30 % rabatt på inngangsbilletten på Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Billettane treng ikkje nyttast same dag.
Bussruter frå Lom sentrum til Klimapark 2469 finn du her.
